NEI TIL KRIG MOT IRAN

Den amerikanske verbale konfrontasjonen med Iran har ført verda inn i ein farleg konfliktsituasjon. Det er absolutt grunn til å vere bekymra.

Denne veka kom det melding om at USA vil sende 1000 fleire soldatar til området rundt Persia Golfen (Aftenposten 18/6 – 19). Desse kjem i tillegg til dei store mengdene soldatar og våpen dei har der frå før. I følgje Pentagon er dette eit styrkevern for eit påstått trugsmål frå Iran.

Vi ser at trugsmålet om krig eskalerer og at USA gjer alt for å gjere Iran til syndebukk. Berre få timar etter at ein norsk og ein japansk tankbåt blei utsett for eit angrep i Persia bukta var USA sin visepresident ute i media og la skulda på Iran.

Då ei amerikansk drone som dreiv overvaking blei skoten ned 20 juni blei det hevda at denne var i internasjonalt luftrom. Alt dette utan at det blir lagt fram fnugg av haldbare bevis.

Natt til 21 juni var verda eit tastetrykk unna ein krig. Denne gong blei angrepet avblåst, men kva vil skje neste gong?

Vi ser at USA prøver å skaffe seg politisk konsensus for eit konfrontasjon og har allereie fått støtte frå Storbritannia (Politico Magazine 5/6 – 19). Og har vi grunn til å frykte at NATO vil kunne bli trekt inn i konflikten?

USA har lagt press på andre allierte for at dei skal slutte opp om blokaden av Iran. Japan er truga med økonomiske sanksjonar dersom dei held fram med å kjøpe olje frå Iran (Aftenposten 8/6 – 19). Vi må og peike på USA sin handelskrig med Russland og Kina. Desse nasjonane har nok ikkje tenkt å bryte sin handel med Iran. Og Kina er avhengig av olje frå Iran. På toppen kjem det «upålitelege» NATO medlemen, Tyrkia. Dei har den siste tida styrka sitt forhold både til Russland, Kina og Iran. Alt dette peikar mot auka spenningar mellom imperialist maktene sin kamp om marked og råstoff i denne regionen.

For USA er det viktig å få destabilisert regimet i Iran og få kontroll med oljeressursane. Men eit militært angrep på Iran er samstundes eit angrep på verdas 14 største militærmakt og eit land med 90 millionar menneske. Difor er dette ei farleg konflikt som fort kan utvikle seg til ein storkrig med bruk av atomvåpen.

Likevel er det mykje som tyder på at vi står overfor eit sluttspel om Iran. Påstanden om at landet står bak sabotasjen mot skip i området og nedskyting av drone i internasjonalt luftrom kan fort vise seg å bli det påskotet som USA treng for å innleie krig.

Det spelar neppe noko rolle om påstandane er sanne eller ikkje. Det viser erfaringane frå krigen mot Irak i 2003. Påstanden den gongen var at Irak hadde store lagre med våpen for masseøydelegging. Det viste seg i ettertid var ei rein løgn produsert i Pentagon, men var likevel signalet som sette igang krigen. Dette må ikkje få lov til å skje på nytt.

Tryggingsrådet i FN burde ha fordømt USA sine trugsmål mot Iran. Vi krev at den norske regjeringa brukar harde ord.

21 juni skreiv USA og Norge under avtale om samarbeid rundt overvaking av rakettar. Dronene av same typen som blei skoten ned har sin base i Italia. Dei vil med dei nye norske sivile satellittane kunne fly nært det største russiske trugsmålet mot USA, atomubåtane i Barentshavet. Det kunne dei ikkje gjere tidlegare. Dei nye norske satellittane er vedtekne utan ein tryggingspolitisk debatt i Stortinget. Norge har dermed tatt eit skritt nærare å bli trekt inn i ei stormaktskonflikt.

Difor seier vi nei til krig mot Iran og vi seier Norge ut av NATO!

Steinar Eraker, leiar Stopp NATO.