URO OG KONFLIKT I NATO?

Mørke skyer over 70 års jubileet.

NATO held sitt toppmøte i London 3-4 desember i år. Ein viktig post på programmet blir markering av alliansen sitt 70 års jubileum. Dette skjer under mørke skyer for samarbeidet skal vi tru analysen som Den norske Atlanterhavskomiteen har på si nettside 26 november.

https://www.atlanterhavskomiteen.no/post/17942516/NATO-lederm%C3%B8te%20under%20m%C3%B8rke%20skyer

Til møtet i London kjem stats- og regjering sjefane i NATO. Og det er liten tvil om at eit av problema er Donald Trump. Den amerikanske presidenten kan vere lunefull og komme med overraskande utspel.

Det skapar sjølvsagt nervøs stemning hos dei andre medlemslanda. USA sin kjepphest har vore fordelinga av byrdene i alliansen og målet om 2% av BNP til forsvarsføremål vil nok sikkert komme opp igjen. Kanskje allereie på dette møtet. Dei andre medlemslanda veit nok at dei er eit godt stykke unna å nå dette målet.

Den andre store festbremsen er den franske presidenten Macron sin uttale om at NATO er ein hjernedød allianse, «mort celebrable».

Alt dette vil nok legge ein skugge over drinkane og skåltalene på toppmøtet. Vi såg det allereie på utanriksministermøtet i Brussel 20 november. Dette var ei førebuing til møtet i London og motsetningane kom fram i lyset sjølv om det er blitt gjort iherdige forsøk på å få lagt dei død.

Høgt oppe på agendaen står Macron sitt utspel om NATO. Han har og oppfordra Europa til å jobbe tettare saman med Russland. Og ikkje minst bør dei føre ein meir sjølvstendig forsvarspolitikk.

Dette har slått ein stor kile inn i NATO-samarbeidet og må helast så fort som mogeleg. Neste år skal NATO gjennomføre ei gigantisk øving i Europa med 37000 soldatar. Operasjon Defender er ei fullskala mobilisering av ein storkrig mot Russland, der mellom anna 20000 soldatar skal førast over havet frå USA. Ei splitting mellom to av Europa sine fremste militærmakter vil verke øydeleggande for ei slik gigantisk mønstring.

Utanriksministermøtet i Brussel hadde og oppe saker som våpenkontroll, bruk av verdsrommet i militær samanheng og framveksten av Kina som ei stor økonomisk og militær stormakt.

På alle desse områda var den ei viss usemje og det avdekka ei rivalisering mellom Berlin og Paris.

Kven skal vere den leiande makta i Europa? Tyskland eller Frankrike, eller begge? Og kva rolle meiner desse landa at NATO skal spele?

Dei konkrete vedtaka som kom frå Brussel-møtet er at NATO skal styrke etterretninga mot Kina og opprette ein kommando med ansvar for verdsrommet.

Sjølvsagt er dette store vedtak som vil bety ein omdreiing av opprustinga. Likevel ser ein internt i NATO med aukande uro på den splittinga vi er vitne til.

Macron si harde kritikk har ført til alarm i dei europeiske landa.Generalsekretær i NATO, Jens Stoltenberg, reiser i skytteldiplomati for å roe gemyttet.

Likevel har Macron gjenteke kritikken. Kanskje ein del europeiske land ser at ei opptrapping av

konfliktnivået med Russland kan ende i ein øydeleggande atomkrig som ingen er tent med.

Men dei ser heller ikkje noko alternativ til NATO, noko som USA sjølvsagt spelar på.

President Macron har til den engelske avisa, Economist, sagt at vi må få ein nærare relasjon til Russland for «å hindre at verden går opp i en brannstorm».

Likevel stikk nok ikkje Macron sit fredelege bodskap så djupt. Frankrike er idag ei leiande makt i ein krig i det afrikanske landet Mali.

Dette er eit oppdrag i regi av EU der også Tyskland deltek med 1000 soldatar. Her ser vi konturane av ei kommande EU hær og ein uavhengig europeisk forsvarspolitikk.

Alt dette er motsetningar som vil komme opp under toppmøtet i London og kaste skugge over 70 års jubileet. Byråkratiet i NATO vil halde pusten og håpe at det ikkje kjem overraskande politiske utspel.

I tillegg til alt dette så ligg krigen i Syria og konflikten med Iran på bordet. Heller ikkje her er det semje i alliansen. Og iallefall i høve til Iran så har Europa sin eigen agenda. Dei har fjerna seg frå USA ved å prøve å halde liv i atomavtala med Iran i det lengste.

USA har blitt kritisert fordi dei trekte seg ut av dei kurdiske områda nord i Syria. Det gav fritt spelerom for Tyrkia. Og NATO sin nest største militærmakt har lenge pleia eit godt forhold til Russland. Dei har nekta å delta i boikotten av Iran som dei har handelssamband med.

Vi ser tydeleg at Europa rir på fleire hestar. Det vil på sikt føre til at dei blir ein ustabil alliert for dei amerikanske krigs eventyra. Kanskje det fører til at USA knyttar seg sterkare til sin allierte i Midt Austen, Israel og Saudi Arabia.

Norge er på sidelina enn så lenge i denne utviklinga. Vi er lojale overfor NATO og USA.

Vi har ikkje delteke i arbeidet med forbod mot atomvåpen og vi støttar USA si atomvåpen doktrine.

Men kva vil skje dersom det dukkar opp eit reelt europeisk alternativ til NATO i regi av EU. Norge held døra på gløtt og vi prøver å ri to hestar samstundes. Men dersom hestane spring frå kvarandre kan fallet bli hardt og brutalt.

Steinar Eraker, 2-12-19

Stopp NATO.