8 Mai. 75 år sidan frigjeringa

I år er det 75 år sidan Norge blei fritt. 8 mai 1945 kunne det norske folk igjen gå ut i gatene med norske flagg og feire at 5 år med tysk okkupasjon var over. For dei fleste av oss er dette eit fjernt kapittel.

For dei som opplevde det var okkupasjonen ei tid der demokrati var erstatta av diktatur. Menneskeverdet var bytta med menneskeforakt sett i system av ei nazistisk makt godt hjelp av norske medhjelparar.

Dette var ei mørk tid der krig prega kvardagen til folk. Men det er eit faktum at dei avgjerande kampane i verdskrigen stod heilt andre stadar enn i Norge. Samanlikna med krigen i Russland var okkupasjonen her i landet mild. Vi mista 0,3% av befolkninga. For Russland er t.d talet 6% og for Polen 17%.

Det er viktig å peike på den innsats som nordmenn la ned både på heime og ute i desse åra. Livsviktige bidrag i kampen mot dei mørke kreftene som truga oss. 10000 mista livet som følge av krigshandlingane og 4000 menn, kvinner og barn blei fengsla og torturert etter politisk opposisjon og motstand mot okkupanten. Eit ukjent antal fekk varige sår på sjela som følgje av belastningar dei var påført.

Kva hadde vi oppnådd 8 mai 1945? Viktigaste var sjølvsagt at den tyske okkupanten var kasta på dør og vi kunne ta eit oppgjer med dei som hadde svikta. Samfunnet vi hadde hatt fram til krigsutbrotet 9 april var som før. Helte- og skurkeroller blei delt ut på nytt. Vener og allierte under krigen blei fiendar. Kommunistane vart utpeika som verktøy for Sovjetunionen i ei konflikt mellom aust og vest. Dei fekk rolla som landssvikarar. Plutseleg hadde styresmaktene det påskuddet dei trengt for å melde Norge inn i NATO og vi vart eit lojalt land for USA sine interesser.

Nå kunne man konsentrere seg om Sovjetunionen som den nye fienden. Det blei retta åtvarande finger mot dei som støtta Sovjetunionen politisk, også folk utafor kommunistane sine rekker. Den kalde krigen var igang.

Helt sidan freden var eit faktum 8 mai 1945 har vi markert denne dagen. No når krigsgenerasjonen er på vei ut av tida er det etterkommarane som har ansvar for å føre arven vidare.

Og markeringa blir viktig etter som åra går. Vi må stå opp for fridom og sette menneskerettar foran menneskeforakt. Det er trist at vi idag, 75 år etter krigen, ser at nazistar marsjerer i gatene. Vi må lære av historia og seie klart frå. Dei er ikkje velkomne hos oss og dei må heller ikkje bli møtt med likegyldigheit og skuldertrekk.

Dei seinare åra har frigjeringsdagen blitt gjort om til ein veterandag. Nå har heidringa av dei som har tenestegjort i internasjonale krigsoppdrag kome i fokus. Mange har i slik teneste opplevd krevande situasjonar som få kjenner innhaldet og rekkevidda av. Det er liten tvil om at vi treng ein veterandag. Mange av dei slit med angst og indre smerte. Dei føler seg oversett og blir møtt med fordommar. Dette er ei utfordring som samfunnet må ta inn over seg og gjere noko med.

Skal vi klare det må vi gjere meir enn å tale om deira innsats for demokrati og nasjonsbygging eller dele ut medaljar for edel dåd til nokre få utvalde. Difor er det å bruke 8 mai som veterandag problematisk. Det betyr å gå god for all norske deltaking i utenlandsoperasjonar også dei i NATO regi. Å samanlikne dette med vår kamp under verdskrigen er umogeleg. Å føre krig for NATO i Libya, Balkan eller Afghanistan er ikkje ein kamp for Norge sin fridom.

Difor er det grunn til å hevde at 8 mai markeringa er havna i eit uføre og mista mykje av si meining. Men dagen er framleis viktig for at vi skal stoppe opp å reflektere litt. 2. verdskrig var ein kamp for dei store verdiane og minnet om det må haldast levande også i framtida.

Steinar Høgelid Eraker, Stopp NATO