REFLEKSJONER ETTER INTERVJU MED JENS STOLTENBERG I NRK 1. APRIL 2020.
Dei siste dagane har vore tøffe og smertefulle for mange. Pandemi og økonomisk krise herjar og samfunnet er nærast stengt ned på ubestemt tid. Uavhengig av kva liv vi hadde for kort tid sidan så har COVID 19 radikalt forandra livssituasjonen for mange og vi søkjer etter svar på spørsmål vi måtte ha.
Så kom han fram til slutt. Vi har liksom venta på det sjølv om militær trøst er det siste vi no treng.. Men 1 april var hovedinnslaget i NRK si nyhendesending om Coronakrisa eit intervju med NATO sin generalsekretær, Jens Stoltenberg.
Scenen var gjort klar. NATO skulle tydelegvis framstillast som eit anker av tryggleik i ei mørk og usikker tid. Stoltenberg. Må snakke om avheigheten av Kina. Sjølvsagt måtte ikkje seansen bli øydelagt av jounalistar som stilte kritiske spørsmål. Og sidan vi i desse mørke tidene har lett for å godta det meste så var tydelegvis tida nå inne for å sette eit gunstig og rosa lett lys på militæralliansen.
Sjølv om tidene er vanskelege så er det absolutt på sin plass å rette eit kritisk søkelys på militærvesenet si rolle generelt og NATO spesielt. Og kanskje akkurat nå er tida inne for å tenke nytt. Er det verkeleg behov for ei stor militærmaskin som held oppe spenningsnivået? Gjer det oss tryggare at vi stadig peikar på vår nabo i aust som ein fiende som vil oss vondt? Ei løgn blir ikkje meir sann fordi ho blir gjenteke ofte.
Utafor alt kritisk lys kunne Stoltenberg gjenta i intervjuet at Russland, trass i pandemi og krise, held fram med å provosere heilt opp til NATO sine grenser. Han sa ikkje eit ord om Russland har eit forsvarsbudsjett som er 8 % av NATO sitt og neppe utgjer noko militært trugsmål mot NATO. (kjelde: Fremover 13/10-18). Og det har heller ikkje gjort spenninga mindre ved at NATO dei seinare åra har utvida med fleire medlemsland og dermed flytta sine grenser og operasjonsområde lenger austover.
Ein anna kritisk spørsmål som burde blitt stilt til Stoltenberg er bruken av pengar til militære formål i desse tider der dei verkeleg trengs til heilt andre sektorar. Det er nok å peike på helsesektoren som nå slit tungt i alle medlemslanda.
Norge har pøst ut og omfordelt pengar for å støtte bransjer som er råka av krisa. Alle må bidra får vi stadig høyre. Men ein bransje som tydelegvis ikkje er med i den nasjonale dugnaden er militæret. Her ligg det meste fast. Planlagde øvingar blir utsett først etter politisk press. Seinast nå NATO øvinga Cold Response i Nord Norge.
Og kva med alle milliardane som går til innkjøp av det nye kampflyet, F-35? Prislappen for innkjøp er på 71 milliardar kroner og i tillegg kjem 110000 kroner pr time som kvart fly er i lufta.
Mange andre saker burde vert trekt fram. Idag lener norsk tryggingpolitikk seg på NATO og Norge er eit lojalt medlem av alliansen. Men når pandemien er over vil mange ting kome opp til ny debatt. Tryggingspolitikken bør ikkje bli noko unntak. Skal vi fortsatt lene oss på NATO/USA? Burde vi heller ikkje bygge alliansar med land som liknar mest på oss?
NATO er ingen forsvarsallianse, men er først og fremst eit redskap for USA og deira interesser og krigar. I tillegg har alliansen førstebruk av atomvåpen i sine doktriner og ein garantist for at desse våpna vil eksistere i overskueleg framtid. Stikk i strid med verdenssamfunnet sine vedtak og interesser.
Steinar Eraker, leder Stopp NATO, 4. april 2020