STOR MILITÆRØVING PÅ AUSTLANDET

Torsdag 12 september starta den største militærøvinga i Norge i år. Den vil omfatte alle våpengreiner, 3500 soldatar og er lagt til Østfold, Vestfold og Telemark. Øvinga vil bygge vidare på scenariet frå den store NATO øvinga, Trident Juncture, hausten 2018.

https://www.nrk.no/vestfold/gjennomforer-arets-storste-militaere-ovelse-pa-ostlandet-1.14699503

Denne gong er det Finnmark og Troms som er okkupert av ein tenkt fiende og NATO er her for assistanse. Norge skal ta imot styrken og syte for at dei kjem seg dit dei skal.

Heile øvinga rettar seg mot Russland som den tenkte fienden. Sjølv om øvinga denne gongen ikkje går føre seg i nord så vil nok det faktum at Finnmark og Troms er utpeika som okkupert vere med å auke spenninga i nord-områda.

I tillegg så har Norge vore ein aktiv deltakar i NATO si opprusting mot Russland og det har blitt lagt merke til. Denne stadige demoniseringa av Russland vil sjølvsagt vere ein faktor som kan føre til konflikt.

Under den kalde krigen hadde vi sjølvpålagde unntak i forsvarspolitikken. Ingen utanlandske basar på norsk jord i fredstid, ingen lagre av atomvåpen og vi sa nei til NATO øvingar i Finnmark. Eit for eit av desse prinsippa er nå lagt bort. Kva gjer våre styresmakter for å etablere eit godt nabo forhold mot aust? Kvifor fører vi ei slik aggressiv linje mot Russland?

I denne øvinga i Vestfold, Østfold og Telemark skal totalforsvaret trekkast inn. Det har skjedd stadig oftare dei siste åra og betyr at sivile funksjonar og institusjonar blir trekt inn i øving scenariet. Det betyr sjølvsagt at vi får tettare band mellom det sivile samfunn og det militæret. På sikt kan det føre til ei militarisering av samfunnet som vi ikkje ynskjer.

Eit anna moment som det absolutt er grunn til å peike på er den stadige bruken av Rygge Flyplass i militær samanheng. Frå før veit vi at flyplassen er utpeika som base for det amerikanske flyvåpen i tilfelle konflikt med Russland. Og i denne øvinga har den ei framtreden rolle. Var den militære bruken av Rygge med i vurderingane når den sivile flyplassen blei vedteken nedlagt?

Uansett går nok denne øvinga inn som ein del av NATO si opptrapping mot Russland og vil bli oppfatta som det. Norge har tidlegare tillate amerikanske basar, lyttestasjonar og våpenlager på norsk jord. Det betyr at vi har gitt oss sjølv ei slik rolle i polariseringa mellom aust og vest som kan gjere landet til ei slagmark i tilfelle konflikt.

Steinar Eraker, leder Stopp NATO, 18-9-19