Aldri meir Hiroshima og Nagasaki! Norge ut av NATO!

I år er det 75 år sidan USA bomba to japanske byar med verdas verste masseøydeleggingsvåpen. Atombombene råka Hiroshima 6. august og Nagasaki 9. august 1945.
Desse tok livet av 240 000 menneske før året var slutt. Bombetokta var retta mot sivile mål og må difor definerast som eit krigsbrotsverk.
Kva har så verda lært av det som skjedde i august 1945? Vi kan vel slå fast at 75 år seinare er atomtrugsmålet større enn nokon gong. Atomstatane rustar opp og internasjonale traktatar om  atomvåpen som tidlegare har blitt inngått fell no saman. Det gjer verda meir utrygg.
Likevel er det slik at vi alle har rett til å leve utan trugsmål om bruk av atomvåpen. For å understreke det så blei eit stort fleirtal av FN sine medlemsland i 2017 samde om ein avtale som set forbod mot desse våpna. 122 medlemsland røysta for og når 50 land har ratifisert avtala vil den bli internasjonal lov.
Norge har stilt seg negativ til forbodet og har ikkje støtta avtala. Dette skuldast at Norge som NATO medlem er bunden til NATOs atomstrategi som inneber førstebruk av atomvåpen.
Norge deltok ikkje i forhandlingane om atomvåpen i FN i 2017. Årsaka ligg i frykta for å provosere NATO og USA.
Per i dag har 40 nasjonar ratifisert FN-avtala. Målet om at den skal bli internasjonal lov er difor innan rekkevidd i nær framtid.
Og vi har absolutt grunn til å tru at eit forbod vil fungere. Frå før har vi internasjonale lover mot klase-våpen og landminer. Resultatet av desse lovene er at mange land har kvitta seg med desse våpna. Kvifor skulle det same ikkje skje med atomvåpen?
Er du imot atomvåpen er den logiske konsekvensen også å vere imot NATO-medlemskap.

LØFT KAMPEN MOT ATOMVÅPEN
Vi har ofte fått høyre frå politikarar og styresmakter at atomvåpen er til avskrekking og at dei aldri vil bli brukt. Slik blir fokus trekt vekk frå det trugsmålet som atomvåpen utgjer for livet på kloden.
Det er absolutt på høg tid å løfte kampen mot atomvåpen opp på eit høgare nivå og samstundes rette søkelyset på Norge si rolle. Som NATO-medlem er Norge ein trufast støttespelar for NATO – og dermed USA – si opprusting.

Difor seier vi:
Norge ut av NATO!
Stopp NATO!
Aldri meir Hiroshima og Nagasaki!