Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen sa til NRK 5. mars «det er bedre at soldatene oppholder seg ute i skog og mark enn at øvelsen Cold Response avlyses.» Samtidig sa han at «Man jobber veldig tett, og man jobber seg veldig slitne i lag. Da er man disponert for virussmitte. Man har derfor rutiner for at man skal være motstandsdyktig.»
Han vet tydeligvis mer om smitteveier enn helsemyndigheter. 10.3 har Helsedirektøren bedt forvaret vurdere om det er forsvarlig å gjennomføre øvelsen. Vi venter på fortsettelsen. Her følger en kommentar til øvelsen fra Steinar Høgelid Eraker, leder i Stopp NATO
…………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………….
NATO har nett feira sitt 70 årsjubileum. Konfettien har nå lagt seg og militærøvingane og opprustinga held fram som før. I vårt område er det vinterøvinga Cold Response som er i gang.
Den finn stad i Troms og Finnmark frå 2 – 18 mars, med feltøving frå 12 – 18 mars. Men denne øvinga har vore merkbar sidan januar månad med transport av eigne og andre lands militære avdelingar til øvingsområdet.
Og det er ikkje ei lita militær øving vi er vitne til. Totalt 15000 soldatar frå USA, Storbritannia, Nederland, Tyskland, Frankrike, Belgia og Danmark skal delta. Og nok ein gong skulle dei alliansefrie landa Sverige og Finland ta del i ei NATO øving. Seinare har Finland trekt sine styrkar grunna Coronaviruset og faren for smitte.
I samband med denne øvinga har forsvarsdepartementet løyvd 145 millionar kroner for å oppgradere Skjold Garnison i Målselv, Troms og Finnmark Fylke (regjeringen.no). Planen er at leiren skal huse nederlandske soldatar på vinterøving. Det vil vere på permanent basis.
Er vi vitne til nok eit brot på norsk basepolitikk?
Norge har som lojalt NATO medlem delteke aktivt i NATO si opprustinga i nordområda. Det militære presset mot Russland har auka merkbart. I perioden med den kalde krigen hadde Norge sjølvpålagde restriksjonar på sin forsvarspolitikk. Vi sa nei til utanlandske basar, nei til atomvåpen på norsk jord i fredstid og nei til NATO øving i Finnmark. Nå er alle desse prinsippa lagt bort. Cold Response 2020 skal øve også i Finnmark.
Ein skulle tru at forsvar av norsk territorium lag til grunn for norsk forsvarspolitikk. I allefall likar vi å tru det. Men det er lite som blir gjort for å halde eit godt forhold til vår nabo i aust.
Kva tener vi eigentleg på vår harde linje? At vi kastar våre tidlegare prinsipp over bord er i grunnen ingen overrasking. Omsynet til NATO tel nok meir. Opprustinga har teke eit nytt steg.
Så kvifor ingen protestar frå den politiske opposisjonen? Arbeidarpartiet var i ein periode ein slags garantist for å roe befolkninga ved at dei gjennomførde restriksjonar for militær aktivitet. Best kjent er basepolitikken med at det ikkje skulle stasjonerast utanlandske soldatar på norsk jord i fredstid. Det same med atomvåpen.
Men nå er desse prinsippa fjerna. Og det utan større smerteskrik og protestar.
No når NATO øvinga er i gang kan vi lure på kva utfordringar det vil skape for sivilbefolkninga i dei aktuelle øvingsområda. Allereie no har vi fått mange og omfattande reportasjar om kva problem som Corona viruset har skapt med karantene og smittevern tiltak. Likevel er det ingenting som tyder på at øvinga blir avlyst slike andre arrangement der store folkemengder samlast har blitt. Kva byrde øvinga skapar for sivilbefolkninga er det lite å finne noko om. Men vi har erfaringar frå tidlegare øvingar å trekke vekslar på.
Etter Cold Response 2016 blei det sendt inn 200 klager på skade på eigedom og natur. Veier måtte reparerast for eit titals millionar.
Og man kan ikkje nemne for ofte militæret sit forhold til miljø og klima. På desse områda er dei ein versting utan at vi vil innrømme det. Det militære er som kjent unnateke all miljø-rekneskap. Vi kan trekke fram nokre døme. Eit F-16 fly bruker 3400 liter bensin pr. time. Ei stridsvogn forbrenn 21 liter diesel i timen. Så kan ei starte og rekne.
I tillegg til alt dette blir det ein omfattande bruk av laus ammunisjon som betyr utslepp av tungmetall til naturen som ingen kjenner omfanget av.
Men 15000 soldatar er ei folkemengd på storleik med ein liten norsk by, det betyr eit omfattande press på miljøet.
Krig må aldri bli akseptert som verkemiddel for å løyse konfliktar. NATO er og ein sikker garantist for at atomvåpen vil bestå sjølv om store delar av verdssamfunnet har sagt nei. Tida er inne for å tenke annleis og stille spørsmåla.
Korleis skal vi bruke våre ressursar?
Kva slags verd vil vi overlate til våre barn?
Steinar Høgelid Eraker, Stopp NATO