NORGE I FN SITT TRYGGINGSRÅD

Uttalelse fra Landsmøtet i Stopp NATO 19. september 2020.

Norge har brukt store pengesummar for å vinne ein av dei ledige plassane i FN sitt tryggingsråd. I perioden 2016-2018 brukte vi 12 millionar kroner til valkamp og materiell og den same summen blei brukt i 2019. Dette er tal som er gitt av Utanriksdepartementet (UD). I tillegg seier UD at valkampen er tufta på alt det som Norge gjer i utanrikspolitikken, noko som gjer det vanskeleg å slå fast nøyaktig kva denne plassen har kosta oss. Denne kampanjen starta allereie i 2007 og i 19 juni i år fekk vi tildelt plass. Det er fem stormakter som har fast plass i Tryggingsrådet, medan ti andre plassar alternerer. Norge skal vere medlem i 2021 og 2022. Kvifor bruke så mange pengar ein plass i Tryggingsrådet i to år? Kva skal vi bruke denne representasjonen til?

Det er liten tvil om at det offisielle politiske Norge bestemt meiner at vi har noko å tilføre verda. I alle samanhengar likar dei å framstille oss som ein fredsnasjon. At vi i internasjonale samanhengar jobbar for demokrati og menneskerettar. At vi opptrer som fredsmeklar og vi deler ut Nobels Fredspris kvart år.

Men dette er eit sjølvbedrag. Norge har dei siste tjue åra delteke i ei lang rekke krigar i regi av USA og NATO. Vår rolle har vore langt unna dei vakre orda om demokrati og nasjonsbygging. Det har i røynda handla om destabilisering av land og regionar. Under bombekampanjen mot Libya stod vårt flyvåpen i fremste rekke for å øydelegge eit av Afrika sitt mest velfungerande land. Og i Afghanistan har 18 år med NATO engasjement ført til ei katastrofe for landet med terror og korrupsjon.

Vår internasjonale politikk er tett knytta og lojal mot USA og NATO. NATO sin doktrine i ein konflikt er basert på førstebruk av atomvåpen.

Med dette som bakteppe er det vanskeleg å sjå korleis Norge vil kunne spele ei uavhengig rolle i Tryggingsrådet.

I spørsmålet om atomvåpen er Norge på kollisjonskurs med verdssamfunnet fordi vi ikkje støtta arbeidet med forbod mot desse våpna. Avtala blei underteikna i FN sommaren 2017 og er til no ratifisert av 40 nasjonar. Når 50 land har ratifisert så blir den internasjonal lov.

Som medlem av Tryggingsrådet har vi eit særskilt ansvar for at denne avtal blir sett ut i livet og blir effektiv. Vil Norge vere seg sitt ansvar bevist eller blir vi eit haleheng til USA?

Vedtatt på Landsmøtet i Stopp NATO 19. september 2020